Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk
Holsundveien 866
5648 Holmefjord

Telefon: 56 58 29 71
Mobil: 481 44 537
Faks: 56 58 29 71

E-post:
magnar.mosaker@bkkfiber.no 

Om tønnefabrikken    Produkt   |   Ta kontakt
                 
    Produkt

Hovudproduktet vårt er tretønner som oftast blir brukt til salting av torskerogn.

Ei standard tretønne (heiltønne) tek 116 liter. Me skaffar og halvtønner, fjerdingstønner og åttringstønner. Tønnefabrikken kan produsera tønner som tek opp til 125 liter.

Tretønner er tradisjonsrike og miljøvennlege produkt.

Tretønnene blir produserte av tørr og god furustav. Me kan òg skaffa eiketønner i mange storleikar.

Her er ei oversikt over nokre av produkta våre:

Tretønner

Hovudproduktet vårt er tretønner. Tretønna er tradisjonelt brukt som emballasje til salting av fisk og rogn.

I dag brukar mange fiskebruk tretønner som emballasje for sukkersalting av torskerogn. Denne rogna blir seinare brukt til kaviar.

Tretønner gjev særs god kvalitet på rogna, hevdar brukarane.

Mål: Høgde ca. 76 cm, diameter 45 cm i kvar ende.
Volum: 116 liter.

 

   
Stampar

Døme på spesialproduserte stampar. Stampane kan mellom anna brukast til fôring av dyr. Desse på bileta var brukte til hestefôr.

Ein kan òg bruka stampar til andre formål.

Stampane kan leverast med galvaniserte jernband som ikkje rustar, som på biletet.

   
Blomestampar

Blomestampar med utgongspunkt i tretønna er svært populære om våren og sommaren.

Desse blir laga med galvaniserte jernband, og kan leverast beisa, olja eller lakka etter kunden sitt ønske.

Mål: Høgde 30 cm, diameter 45 cm. nedst.

   
Søppeltønne

Mange brukar tretønner til å samla søppel i. Dei vanlege plastsekkene passar fint inne i tønna.

Lokket er festa og ligg opp på tønna slik at ikkje t.d. vatn kjem inn i sekken. Det blir bora hol i botnen.

 

 

 

 

 

Tretønnene blir og brukte som ”pynt” i kjellerstover, hytter og naust. Berre fantasien set grenser for kva tønnene kan brukast til!

   
   
                   










                   
  Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk, Holsundveien 866, 5648 Holmefjord.
Telefon: 56 58 29 71, Mobil: 481 44 537. E-post:
magnar.mosaker@bkkfiber.no