Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk produserer tretønner av høg kvalitet til kunder i heile Norge.
Me leverer tretønner i mange storleikar. Hovudproduktet er tretønner til sukkersalting av torskerogn.
Tradisjonsrikt produkt
Produksjon av tretønner er eit svært gamalt handverk i Noreg. Handverket er ein viktig del av kystkulturen vår, og tretønna har vist seg levedyktig sjølv om noko av bruken har endra seg.
Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk held til på den gamle handelsstaden Holsund som ligg i Fusa kommune i Hordaland. Då fjorden var viktigaste ferdselsvegen, var Holsund ein sentral plass. Her var gjestgjevarstad alt i 1820 og handel frå 1857.
Tønnefabrikken blei etablert tidleg på 1900-talet. På den tida vart tretønnene nytta til emballasje for salting og krydring av sild m.m.
Miljøvenleg
Tre som emballasje har vore i bruk svært lenge. I furustaven er det antibakterielle stoff som gjer at han er godt eigna til å konservere kjøt, fisk, sild, rogn og anna.
Tretønnene blir produserte av norsk furustav av høg kvalitet. Staven er ein fornybar ressurs og inneheld ingen farlege gifter. |